Mo og Øyrane vidaregåande skule/Elev og føresett/Elevtenester/Støtte og rådgjeving/Spesialpedagogikk

Spesialpedagogikk

Alle elevar har i dag rett til opplæring i vidaregåande skule. Mo og Øyrane vidaregåande skule skal vere ein inkluderande skule, der vi prøver å leggje til rette for alle elevar.

Dei fleste elevane får oppfølging i klassane, men for nokon vil det vere naudsynt med t.d. ein timeplanfesta oppfølgingstime/samtale med kontaktlærar, eller undervisning i ei mindre gruppe.

Skulen har ein spes.ped.-base, der vi gir eit spesialpedagogisk tilbod på tvers av klassar og klassetrinn. Alle elevar søkjer eit programområde, og høyrer til i ein klasse. Elevar med t.d. utviklingshemming kan ha større eller mindre delar av skuleveka knytt til basen, der vi m.a. kan ha opplegg innan ADL (aktivitetar i dagleglivet), undervisning i fellesfag i små grupper, eventuelt alternative  tilbod utanfor skulen (t.d. terapibasseng/garden på Mo)

Det er eit tett samarbeid internt på skulen mellom miljøkoordinator, OT (Oppfølgingstenesta), helsesøster, rådgjevarar og PPT (Pedagogisk psykologisk teneste), med treffpunkt kvar veke.

Rådgjevar for tilpassa opplæring har ansvar for det formelle rundt elevar som skal ha IOP (Individuell opplæringsplan), at denne blir skreve, og at det blir skreve årsrapportar i juni, og at at skulen deltar på samarbeidsmøte, ansvarsgruppemøte, og overføringsmøte, og at vi hjelper elevar i søknadsprosessen (søknadsmøte) for komande skuleår, i samarbeid med m.a. PPT.

Kontortid Øyrane: Alle dagar, ulike tidspunkt
Kontortid Mo: Tysd. kl. 08.00 – 11.30

Kontakt

Dahl, Eirik.jpg

Rådgjevar tilpassa opplæring

Eirik Dahl

eirik.dahl@sfj.no

468 43 113 / 57 63 74 19

Relaterte lenker