Adil Kahn

Adil Kahn

Temadag i Førdehuset med Adil Kahn 21. september

Velkommen til foredrag med Adil Khan   21.september. 

kl 09:30-11:00: Elevar ved Mo og Øyrane vgs saman med 10.kl frå Førde ungdomsskule. Stad: Førdehuset

kl 18:00-19:30: foredrag for foreldre og andre interesserte. Stad:  kantina på Hafstad vidaregåande skule

 

 

Adil khan er kjent frå programma Dansefeber og Norske Talenter og har sidan den gong blitt ein kritikarrost skikkelse på den norske kulturscena. 

I sitt ærlege og direkte foredrag tar Adil opp tema alle vil kjenne seg att i . Om det å bli sett og inkludert, tydinga av eit smil og eit klapp på skuldra, det å bli anerkjent for den du er og kva du presterar. Han snakkar engasjert frå si eiga livshistorie; om håp og at alt er mogleg med fokus, empati, hardt arbeid og ein draum. 

Temadagen er eit ledd i det førebyggande arbeidet i kommunen (SLT), og er eit samarbeidsprosjekt mellom Førde Kommune, Mo og Øyrane vgs, Hafstad vgs, Førde ungdomsskule, Halbrend ungdomsskule, Ungdommens Bystyre i Førde og politiet.