Mo og Øyrane vidaregåande skule
elektrisitet

Undervisningsstilling elektrofag

Mo og Øyrane vgs har ledig undervisningsstilling i elektrofag med tilsetjing frå 1.august. Søknadsfrist 11.juni

  • Vi har ledig 50% undervisningsstilling med moglegheit for utviding. 
Arbeidsoppgåver
  • Undervisning i praksis og teori på elektro
  • Utarbeide dokumentasjon og planar for undervisninga
  • oppfølging gjennom vurdering og rettleiing av elevar
  • Det skal leggast til rette for at elevane i dei ulike klassetrinna kan bestå faget med best mogleg resultat etter sine føresetnader. Undervisninga skal tilpassast den enkelte elev ut frå sitt meistringsnivå
  • Det må leggast opptil samarbeid med dei andre lærarane som underviser i klassane
  • Stillinga kan innehalde kursverksemd for dataelektronikarar/IKT
Kvalifikasjonar
  • Fagbrev innan elektrofag
  • Høgare utdanning innan elektrofag (Bachleor eller tilsvarande)
  • Datateknisk kompetanse
  • Praktisk erfaring og utdanning innan fleire felt i elektrofaga
  • Gode tekniske og faglege ferdigheiter
  • kunne beherske IT og relevant programvare
  • Pedagogisk utdanning (PPU eller yrkesfaglærarutdanning) for fast tilsetjing
Personlege eigenskapar
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Fagleg pedagogisk oppdatert
  • Evne til å setje seg klart definerte mål for undervisninga
  • Evne til å reflektere over og å forbetre eiga undervisning
  • Evne til å samarbeide og dele
Vi tilbyr

- Løn etter gjeldande regulativ 
- Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår 
- Hjelp til å skaffe bustad og flytteutgifter vert dekka etter gjeldande reglar 
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår 
- 6 månaders prøvetid

 

Spørsmål om stillinga kan rettast til avdelingsleiar Redun Kristiansen. epost: reidun.kristiansen@vlfk.no tlf 91694011

Meir informasjon om stillinga, samt søknadsskjema finn du på Vestland fylkeskommune sine heimesider