undomscamp mo

Ungdomscamp på Mo, 22.-26. juni 2020.

Mo og Øyrane vidaregåande skule har i forbindelse med koronautbrot kontakta kommunelege Øystein Furnes om moglegheiter for å arrangere ungdomscamp i juni. Etter å ha fått godkjent ei smittevernplan for arrangementet, er det med glede vi inviterer ungdomsskuleelevar frå 8. og 9. klasse til ei veke med ungdomscamp på Mo. Ungdomscampen er i veka etter skuleslutt; 22.-26. juni. 

Nyheiter

05.05.2019

Påmelding til Ungdomscamp 2020 er open.
Frist er 1. juni.

Informasjon

Innhaldet i ungdomscampen vil vere praktisk retta med ulike aktivitetar innan landbruk. Stell av husdyr, skogbruk, fisking, riding og bruk av maskiner og reiskapar er noko av det du får vere med på. I tillegg vert det lagt opp til aktivitetar i skog og mark og på kveldstid. Skulen stiller med godkjent verneutstyr for aktivitetar i skogbruk og støvlar og kjeledress til bruk i husdyrbruket. 

Campen legg opp til ei opplevingsrik og allsidig veke i trygge og flotte omgjevnader på Mo. Skulen har internat for overnatting og matservering jfr. smittevernplanen så ungdomsskuleelevar frå heile fylket kan ta del. Det er plass til 20 elevar på ungdomscampen i 2020.

Påmelding

 
Siste frist for påmelding er 1. juni.
Tilbodet er gratis!
 
For meir informasjon kontakt Knut Vebjørnsen tlf. 41530735, e-post: knut.vebjornsen@sfj.no