«Kalvelufting» Frå venstre: Emilia Haukeland, Miriam Fosøen, Hallvard Ødegård Bjørk, Terese Tenden, Kato Svori, Ann Eline Fretland og Mathilde Didriksen Evjen

«Kalvelufting» Frå venstre: Emilia Haukeland, Miriam Fosøen, Hallvard Ødegård Bjørk, Terese Tenden, Kato Svori, Ann Eline Fretland og Mathilde Didriksen Evjen

Ungdomscamp på Mo

20.-24. juni kjem 23 ungdommar frå heile fylket til Mo for å delta på ungdomscamp.

I veke 25 (20.-24. juni) kjem 23 ungdommar frå heile fylket til Mo for å delta på ungdomscamp. Der vil dei lære å stelle plantar og dyr, ri på hest, trekke fiskegarn i Movatnet og vere med på overnattingstur på Mostølen. I tillegg vil dei gå natursti og feire sankthans ved Movatnet. Campen legg opp til ei sosial, opplevingsrik og allsidig veke på Mo.

Tilbodet er finansiert gjennom rekrutteringsmidlar i regi av Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Ungdomscamp 2 1024x768.jpg

«Planting av kål» Frå venstre: Jon Atle Rise, Ingrid Friborg og Rakel Torpe