Sau 1024x384

Sau 1024x384

Ungdomscamp på Mo

Ungdomscampen på Mo er i gang, med 22 flotte ungdommar frå fylket.

Det er 5. året på rad at ein inviterer 8. og 9. klasse frå ungdomsskulen til ungdomscamp på Mo første veka etter skuleslutt. Dette året er aller fleste ungdommane frå Nordfjord.

På ungdomscampen lærer ein å stelle dyr, ri på hest og trekke fiskegarn i Movatnet. I tillegg får ungdommane vere med på overnattingstur på Mostølen. Det vil også bli natursti og grilling ved Movatnet om vêret blir fint. Campen legg opp til ei sosial, opplevingsrik og allsidig veke på Mo. Så er det berre å krysse fingrane for betring i vêret utover i veka.

 

Sau 1024x768

Henting av sau frå beite (Foto: Knut Vebjørnsen)

 

Tilbodet er finansiert gjennom rekrutteringsmidlar i regi av Sogn og Fjordane fylkeskommune.