Bygg- og anleggsteknikk

Elevar i arbeid på bygg

Er du praktisk anlagt og har godt handelag kan dette vere faget for deg. Du går 1-2 år på skule før du begynner som lærling i ei bedrift. Du kan i tillegg ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Vil du være med på å skape og ta vare på verdiane i samfunnet? Ynskjer du å sette synlege spor etter deg ved flotte bygg, vegar og bruer, uteområde og anlegg? Då kan bygg- og anleggsteknikk være noko for deg.

Du bør vere sjølvstendig, men bør og kunne arbeide i team, sidan mange bygg- og anleggsprosjekt krev nært samarbeid mellom ulike yrkesgrupper. Utdanningsprogrammet omfattar produksjon, oppføring, ombygging og vedlikehald av bygningar og anlegg med tilhøyrande tekniske installasjonar, der det blir stilt strenge krav til kvalitet og sikkerheit.

Første skuleåret (vg1)

På første året vil du ha programfaga arbeidsmiljø og dokumentasjon ogpraktisk yrkesutøving i tillegg til fellesfaga engelsk, matematikk, naturfag og kroppsøving. 

Du som vel bygg- og anleggsteknikk, må ha praktisk sans, vere nøyaktig og ha godt handlag. Du må like fysisk arbeid, og må ha interesse for praktisk fag.

Du vil lære om

  • byggkonstruksjon frå planlegging og skissering av bygging.
  • kvalitetssikring og vedlikehald av bygg
  • ulike byggeskikkar og byggetradisjonar
  • bruk av teikningar og arbeidsbeskrivelsar
  • bruk  og val av ulike materiale og verktøy

Andre året (Vg2)

På vg2 tilbyr Mo og Øyrane vgs følgande programområde:

  • tømrar
  • betong og mur
  • anleggsteknikk

Vg2 tømrar

På vg2 tømrarfaget har du programfaga konstruksjon og klimaskal, materialeigenskapar, varmeisolering og tetting og vinduer, dører og innvendig arbeid. I tillegg har du fellesfaga norsk, samfunnskunnskap og kroppsøving. 

Du vil lære meir om: 

  • bygge trekonstruksjonar og andre konstruksjonar
  • bygge takkonstruksjonar
  • montering av vindu og dører
  • legge tregulv
  • stillasarbeid
  • isolering
  • bruke relevante verktøy
  • val av ulike materiale 

 

Etter fullført vg2 tømrar kan du gå ut i lære i følgande fag: 

  • tømrarfaget

 

Vg2 betong og mur

På vg2 betong og mur har du programfaga betong og mur og dokumentasjon og kommunikasjon I tillegg har du fellesfaga norsk, samfunnskunnskap og kroppsøving. 

Du vil lære meir om

  • forskaling, armering og støype konstruksjonar
  • muring, pussing, flislegging og utføre membranarbeid
  • mure teglstein 
  • teikning og beskriving av bygningsdelar i betong og mur
  • rehabilitering av mur og betong
  • val av produkt og verktøy

 

Etter fullført vg2 betong og mur, kan du velje gå ut i lære i desse faga: 

  • betongfaget
  • murar og flisarfaget

 

Vg2 anleggsteknikk

Vil du vere med og skape verdiar og bygge Noreg. Ynskjer du å utføre ingeniørkunst med anleggsmaskiner og sette synlige spor etter deg ved flotte veganlegg, tunellar, murar og byggjefelt? Ynskjer du å sprenge ut fjell på veganlegg, tunellar og delta i mineralutvinning? Då kan anleggsteknikk vere rette plassen for deg. 

På vg2 anleggsteknikk har du programfaga drift og vedlikehald, grunnarbeid og sikkerhetsopplæring av masseforflytningsmaskiner. I tillegg har du fellesfaga norsk, samfunnskunnskap og kroppsøving. 

Du som vel anleggsteknikk må ha praktisk sans, mekanisk sans, vere nøyaktig og ha evne til å utføre arbeid med maskiner. Du må like fysisk arbeid, ha god fysisk form og må ha interesse for praktiske fag.

Øvingsområdet til anleggsteknikk på Mo og Øyrane vgs er bygd opp slik at du får god opplæring i bruk av anleggsmaskiner og du får utføre praktisk arbeid knytt til kompetansemåla i læreplanen.

Du lærer meir om: 

  • bygging, drifting og vedlikehald av vegar, anleggsplassar, flyplassar med meir
  • bruke gravemaskin og masseforflytningsmaskiner
  • val av, og bruke maskiner og utstyr til anleggsarbeid
  • bruk av digitale system 
  • kontrollere og vedlikehald av maskiner

 

Etter at du har fullført vg2 anleggsteknikk kan du velje å gå ut i lære i desse faga:

  • anleggsmaskinførar
  • asfaltfaget
  • banemontørfaget
  • fjell og bergverksfaget
  • veg- og anleggsfaget

 

Les om fleire moglegheitar ved å velje bygg og anleggstekknikk.

Video som viser elevar i arbeid

Bilde av kunst laga av elevar

Vegen vidare

Etter to å i skule kan du søkje læreplass i ei godkjend lærebedrift. Meir om det å bli lærling.

Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse (før eller etter læretida) for å kunne studere vidare på høgskule/universitet.