Elektro og datateknologi

IMG_20211101_105935.jpg

Elektro og datateknologi er ei yrkesfagleg utdanning der du mellom anna lærer om installasjon og vedlikehald av elektriske og elektroniske system. Du går 2-3 år på skule før du kan søkje læreplass. Du kan ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Du som vel elektro og datateknologi må kunne arbeide nøyaktig, sikkert og systematisk og du bør vere serviceorientert. Logisk tenkjemåte og kreativitet er og viktig, både for å kunne løyse konkrete oppgåver og for å utvikle nye produkt. Ofte er det eit krav at du har godt fargesyn.

Utdanningsprogrammet fører fram til eit mangfald av yrke innanfor installasjon og vedlikehald av elektroniske system. Det blir stilt strenge krav til kvalitet, sikkerheit og dokumentasjon.

Les meir om fagområda innanfor elektro og datateknologi på gnizt.no

Første skuleåret (Vg1)

På første året vil du ha følgande programfag energi og styringsteknikk og elektroniske kretsar og nettverk. I tillegg har du fellesfaga engelsk, matematikk, naturfag og kroppsøving.

Du vil lære om

  • elektriske og elektroniske kretsar
  • programmering av utstyr og komponentar
  • mikrokontroller
  • nettverk
  • sensorteknologi
  • lysstyring
  • automasjon/PLS/styringssystem
  • produksjon og lagring av fornybar energi
  • bruk av relevant verktøy

 

Etter haustferien startar du med fordjuping i eit fag du vil prøve ut. Her kan du velje å vere i praksis i bedrift eller ha fordjuping inne på skulen.

 

Andre året (vg2)

Hos oss kan du velje mellom to programområde på vg2:

  • vg2 datateknologi og elektronikk
  • vg2 elenergi og ekom

Vg2 datateknologi og elektronikk

Likar du teknologi og å halde deg oppdatert på "det siste nye"? Då er kanskje datateknologi- og elektronikk noko for deg.

Vg2 datateknologi og elektronikk har følgande programfag:  data og informasjonsteknologi og elektroniske kretsar og utstyr. I tillegg har du fellesfaga norsk, samfunnskunnskap og kroppsøving. 

På vg2 datateknologi og elektronikk lærer du meir om:

  • datasystem
  • nettverk
  • telefoni
  • alarmanlegg
  • antenneanlegg
  • mikrokontroller
  • smarthus

Vi har samarbeid fleire ulike bedrifter og elevane har høve til å prøve ut praksis i bedrift som ein del av utdanninga.

Etter at du har fullført vg2 datateknologi og elektronikk, kan du velje å gå vidare på vg3 i følgande fag:

Dersom du ynskjer å bli lærling, kan du velje desse faga:

 

Elenergi og ekom

Vel du vg2 elenergi kan du velje alt frå installasjon av elektriske anlegg i heimar til arbeid i høgspentmasta. Linja gjev eit breitt fagfelt der utsiktene for jobb er svært gode.

Vg2 elenergi og ekom har følgande programfag: elenergi og styresystem
elektronisk kommunikasjon. I tillegg har du fellesfaga norsk, samfunnskunnskap og kroppsøving.

Vg2 elenergi og ekom har lærer du meir om følgande tema:

  • elektriske anlegg
  • automatiserte anlegg/PLS
  • nettverk
  • alarmanlegg
  • energisystem

Linja har eit godt samarbeid med næringslivet, og elevane er ute i praksis i bedrifter dei sjølv ynskjer å prøve ut.

Når du er ferdig med vg2 elenergi og ekom, så kan du gå ut som lærling eit av desse faga - sjå videoar: 

Vegen vidare

Du kan gå ut i yrkeslivet etter 3-5 år, eller du kan ta vidare utdanning, t.d. ved fagskule eller ingeniørutdanning ved høgskule. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse om du vil studere vidare ved høgskule eller universitet.