Helse- og oppvekstfag

Bilde av elevar

Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning og er for deg som er omsorgsfull og liker å samhandle med andre. Etter 2 år på skule kan du gå ut i lære. Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Dersom du vel vg1 helse- og oppvekstfag bør du like å arbeide med menneske. Du bør være omsorgsfull og ta omsyn til andre. Du bør være flink til å kommunisere og du bør være god til å samhandle med andre. 

Vi legg vekt på

  • gode relasjonar og godt arbeids- og læringsmiljø
  • høg fagleg kvalitet på opplæringa
  • relevans og yrkesretting av fellesfaga
  • elevmedverknad i opplæring og vurdering.

Gjennom samarbeid mellom helse- og oppvekstfag, opplæringskontor for offentleg sektor og kommunar, har ein etablert praksisplassar av høg fagleg kvalitet, og er i prosess med å etablere nye lærebedrifter.

For opplæring i helse- og oppvekstfag, er det krav om politiattest for praksis/ opplæring i bedrift.

For arbeidssøkjande fagarbeidarar er det, med få unnatak, krav om politiattest.
Med fagbrev har du tilgong til eit breidt spekter av vidareutdanningar og fylgjeleg utvida moglegheiter på arbeidsmarknaden. 

 

Første skuleåret (vg1)

På første året vil du ha programfaga helsefremmande arbeid, kommunikasjon og samhandling og yrkesliv i helse- og oppvekstfag. I tillegg har du fellesfaga engelsk, matematikk, naturfag og kroppsøving. 

Du lærer meir om:

  • helse
  • kropp
  • hygiene
  • profesjonell samhandling
  • kommunikasjon
  • relevant lovverk
  • velferdsstaten

 Denne kunnskapen skal kvalifisere for å arbeid med friske og sjuke menneske i alle aldrar.

I faget yrkesfagleg fordjuping får ein praktisk opplæring i øvingsrom, og erfaring frå arbeid med menneske ute i bedrift.

Andre skuleåret (vg2)

På vg2 tilbyr Mo og Øyrane vgs desse programområda:

  • ambulansefag
  • barne og ungdomsarbeiderfag
  • helsearbeiderfag
  • helseservice

Vg2 ambulansefag

Dersom du vel Ambulansefag må du like å arbeide med menneske i ulike situasjonar. Ein ambualsearbeidar må være god å kommunisere og må handtere uforutsette ting. Det er eit variert og spanande yrke. 

På vg2 ambulansefag har du programfaga ambulansemedisin, kommunikasjon og samhandling og yrkesliv i ambulansefaget. I tillegg har du fellesfaga norsk, samfunnskunnskap og kroppsøving.

Delar av opplæringa føregår i regi av Ambulansetenesta i Helse Førde, med tilgang til det mest moderne av akuttmedisinsk teknisk utstyr, og opplæring i ambulansekøyretøy. Helse- og oppvekstfag nyttar ambulansetenesta i heile Sogn og Fjordane som arena for praksis. 

I tillegg deltek elevane i krise- og beredskapsøvingar i Indre Sunnfjord.

Du lærer meir om: 

  • kroppens oppbygging og funksjon
  • førstehjelp
  • ulike undersøkelsesmetodar
  • relevante sjukdomstilstandar og skader på pasientar
  • legemiddelhandtering av medikament som nyttast
  • hygiene og smittevern
  • bruk av kommunikasjonssystem i ambulansetenesta
  • kommunikasjon og samhandling 
  • korleis ein skal møte menneske i ulike situasjonar
  • bruk av relevant utstyr
  • samhandling mellom nødetatane og andre aktørar i redningstenesta

 

Utdanninga føreset sterk fysikk og psyke. og elevane må bestå fysiske og psykiske testar for å kvalifisere seg til lærekontrakt. Du må også ha gode samarbeidseigenskapar og samstundes arbeide sjølvstendig. Du må vere flink til å kommunisere med kollegaer og pasientar. Du må være ansvarsbevisst og ha evna til å ta raske beslutningar og kunne takle stressande situasjonar. 

Når du har fullført vg2 ambulansefag, kan du gå ut i lære i følgande fag

  • ambulansefaget
  • helsearbeiderfaget
  • portørfaget

Vg2 barne- og ungdomsarbeiderfag

Dersom du vel vg2 barne og ungdomsarbeiderfag må du like å arbeide med born og ungdom. Du må vere open, fleksibel og like å samarbeide med andre. Du må kunne kommunisere med menneske med ulik bakgrunn og ulik livssituasjonar. Du må være sjølvstendig og ansvarsbevisst. 

I barne- og ungdomsarbeiderfaget har du programfaga kommunikasjon og samhandling, pedagogisk arbeid og yrkesliv i barne- og ungdomsarbeiderfaget. I tillegg har du fellesfaga norsk, samfunnskunnskap og kroppsøving.

Opplæringa kvalifiserer for arbeid med born og unge i barnehage, SFO og klasse 1-4 i grunnskulen. I tillegg er ein kvalifisert for arbeid med ungdom innan ulike offentlege og private tiltak. 

Du lærer meir om: 

  • born og unges utvikling
  • leik, læring og aktivitetar som bidreg til meistring og god sjølvkjensle
  • hygiene og smittevern
  • kommunikasjon med born og unge
  • born og unge sitt møte med teknologisk og digital kvardag
  • digitale ressursar

I opplæringa får ein bruk for kreative og estetiske evner og interesser. 

Delar av opplæringa kan organiserast som elevbedrift.

Som barne- og ungdomsarbeider planlegg og gjennomfører du ulike pedagogiske aktivitetar for born og unge som bidreg til å stimulere til vekst og utvikling. 

Når du har fullført vg2 barne- og ungdomsarbeiderfaget, kan du gå ut i lære i følgande fag: 

  • barne- og ungdomsarbeiderfaget

Vg2 helsearbeiderfag

Som helsefagarbeider jobber du med menneske i alle aldrar og ulike livssituasjonar. I dette faget lærer du å gje omsorg, grunnleggande sjukepleie, miljøarbeid for pasientar og brukarar av helse- og sosialtenesta. 

I helsearbeiderfaget har du programfaga helsefremmande arbeid, kommunikasjon og samhandling og yrkesliv i helsearbeiderfaget. I tillegg har du fellesfaga norsk, samfunnskunnskap og kroppsøving.

Opplæringa kvalifiserer du for arbeid med menneske i alle aldrar innan helse og omsorgstenestene.

Du lærer meir om: 

  • Å bevare helse og livskvalitet hos menneske i alle aldrar
  • kommunikasjon og samhandling
  • konflikthandtering
  • Forebygging og helsefremjande tiltak
  • vanlege sjukdommar og skader hos born, unge og eldre
  • Smittevern
  • Førstehjelp
  • Velferdsteknologi

 

Du som vel helsearbeiderfag bør like å arbeide med menneske. Du må kunne jobbe med menneske frå ulike kulturar og ulik livssituasjonar og du må kommunisere på ulike måtar avhengig av den du møter. Du bør ha omsorg med andre menneske og glad i å ta vare på andre. Du må kunne samarbeide med både pasient/brukar, pårørande, kollegaer og andre yrkesgrupper. 

Aktuelle arbeidsstader etter endt utdanning er sjukeheimar, sjukehus, heimeteneste, aktivitetssenter, bu- og servicesenter, etc. 

Når du har fullført vg2 helsearbeiderfag, kan du gå ut i lære i følgande fag: 

  • helsearbeiderfaget
  • portørfaget

Vg2 helseservice

Dersom du vel helseservice, bør du like å møte nye menneske. Du må vere flink til å kommunisere både skriftleg og munnleg, ha serviceinnstilling og samarbeidsevne. Du må være nøyaktig og kunne takle eit høgt arbeidstempo. 

I helseservicefag har du programfaga helse- og sjukdom, kommunikasjon og samhandling og yrkesliv i helseservicefag. I tillegg har du fellesfaga norsk, samfunnskunnskap og kroppsøving.

Opplæringa kvalifiserer for vidare opplæring i faga apotekteknikar, helsesekretær og tannhelsesekretær. Ein legg så langt som mogeleg til rette for praksis innan det faget ein ynskjer å spesialisere seg i det 3. skuleåret

Aktuelle arbeidsstader etter endt utdanning er apotek, tannlegekontor, sjukehus, helseinstitusjonar, legesenter etc

Når du har fullført vg2 helseservice, kan du velje mellom følgande vg3: 

  • apotekteknikk
  • helsesekretær
  • tannhelsesekretær

Det er også mogleg å gå ut i lære i følgande fag: 

  • portørfaget