Hopp til hovedinnhold

Naturbruk

Bilete viser ni elevar som står oppstilt med matchande eplegrøne T-skjorter

Er du interessert i natur og miljø, dyr og menneske? Då kan naturbruk passe for deg. Du kan bli lærling etter 1-2 år på skule, og så ta fagbrev. Du kan også gå vidare på Vg3 og ta yrkeskompetanse eller studiekompetanse, avhengig av kva programområde du vel.

Likar du natur og dyr er naturbruk vegen å gå! Moglegheitene vidare er mange og du vil på mange måtar få eit anleis studie. Det er lagt inn mykje praksis og ulike aktivitetar i studiet.

Ved Førde vgs på Mo kan du ta naturbruk (agronomutdanning eller hestefag) og studieførebuande naturbruk. 

Svært mange yrke i arbeidslivet vil verdsette den praktiske utdanninga ein får på Mo. Du vil sjølv også erfare at du får ei allsidig og god ballast i yrkesutdanninga di, enten du vel å avslutte skulegangen etter Mo eller du vil studere vidare.

Å velje programområdet naturbruk gjev mange moglegheiter. Tidlegare elevar fortel at åra på naturbruk var dei beste åra i livet deira. Her kan du sjå ein informasjonsfilm om Naturbruk, med Steffen Fjellestad

Første året (vg1)

Det første året har du programfaga natubasert produksjon og tenesteyting og natubasert næringsaktivitet. I tillegg har du fellesfaga engelsk, matematikk, naturfag og kroppsøving. 

Ved Førde vidaregåande skule kan du velje mellom følgande:

  • naturbruk
  • natubruk hesteretta

 

Vg1 naturbruk 

Du som vel naturbruk må ha interesse for dyr og like å vere ute i naturen. Utdanninga er praktisk retta. I tillegg til husdyrhald og jord- og skogbruk, er friluftsliv, jakt og fiske noko ein kan velje å fordjupe seg i. Dei som tek vg1 naturbruk går som oftast vidare på vg2 landbruk og gartnarnæring, men kan også ta vg2 heste- og hovslagarfaget

Vg1 naturbruk hesteretta

Naturbruk med hest er ei praktisk utdanning der mykje av undervisninga er retta mot stell og bruk av hest og hesteanlegg (stall, ridehall, ridebaner og luftegardar). Elevane får og opplæring i stell av andre husdyr, samt friluftsliv og anna bruk av naturen. Det er mogeleg å ta med sin eigen hest. Etter dette skuleåret kan ein på Mo velje vg2 hest og hovslagarfaget eller vg2 landbruk og gartnarnæring. 

 

Andre året (Vg2)

Hos oss kan du velje mellom følgande programområde på vg2

  • vg2 landbruk og gartnarnæring
  • vg2 heste og dyrefag

 

Vg2 landbruk og gartnarnæring

På vg2 landbruk og gartnarnæring har du programfaga forvaltning og drift og produksjon og tenesteyting. I tillegg har du fellesfaga norsk, samfunnskunnskap og kroppsøving.

Landbruk og gartnarnæring legg vekt på ein kombinasjon av teori og praktisk arbeid. Elevane kan ta maskinførarbevis både for truck og gravemaskin, og godkjenningskurs i bruk av motorsag. Ungdomsbedrift er vektlagt i faget forvalting og drift. Dei som går vg2 landbruk og gartnarnæring kan velje mellom vg3 landbruk og vg3 studieførebuande naturbruk. Tek ein vg3 landbruk først, har ein rett til påbygging for å få generell studiekompetanse

Etter at du har fullført vg2 landbruk og gartnarnæring, kan du velje følgande vg3

  • vg3 landbruk
  • vg3 studieførebuande naturbruk

I tillegg kan du velje å gå ut i lære i gartnarfaget.

Vg2 heste- og dyrefag

på vg2 heste- og dyrefag har du programfaga drift og entreprenørskap og dyrelære og aktivitet. I tillegg har du fellesfaga norsk, samfunnskunnskap og kroppsøving.

Vg2 hest og dyrefag er 2. året på vegen mot fagbrev i hestefaget eller dyrefaget (2 år i lære etter vgs), men passar og for deg som vil ta vg3 studieførebuande naturbruk (generell studiekompetanse) og som ynskjer å fordjupe deg i hestefaget først. Elevane får grundig innføring i dagleg stell og ulik bruk av hesten, vedlikehald av stall og rideanlegg, anatomi, fysiologi og sjukdomslære, fôringslære og mykje meir. Klassen startar og driv ungdomsbedrift og ein får delta på ekskursjonar og fagturar. Det er og mogeleg å ta trucksertifikat ved skulen.

Etter at du har fullført vg2 heste- og dyrefag kan du velje vg3 studieførebuande naturbruk.

Du kan også velje å gå ut i lære i følgande fag: 

  • dyrefaget
  • hestefaget 

Tredje året (Vg3)

Ved Førde vidaregåande skule kan du velje mellom følgande program på vg3

  • vg3 landbruk
  • vg3 studieførebuande naturbruk

 

Vg3 landbruk

på vg3 landbruk har du programfaga gardsdrift, plante- og husdyrproduksjon, utmark og kulturlandskap, traktor og maskiner og økonomi og drifstledelse. I tillegg har du fellesfaget kroppsøving. 

Dei som går på landbruk får yrkestittelen «agronom». Utdanninga er praktisk retta med ulike programfag innan jord-, skog og husdyrhald. Ein har høve til å ta HMS-kurs og autorisasjonskurs i bruk av plantevernmiddel gjennom studiet. Valfrie programfag frå fagområde; traktor og maskiner og økonomi og driftsleiing inngår i studiet.

Etter at du har fullført vg3 landbruk, har du rett til å gå påbygging til generell studiekompetanse etter yrkeskompetanse.  

Vg3 studieførebuande naturbruk

Studieførebuande naturbruk Vg3 er eit teoretisk studium, som gir generell studiekompetanse med grunnlag for opptak til høgskule og universitet.

på vg3 studieførebuande naturbruk har du programfaget naturforvaltning og dei studieførebuande faga historie, kroppsøving, matematikk, naturfag og norsk. I tillegg til dei studieførebuande faga har elevane eit valfritt programfag: anten biologi1 eller kjemi1.

Presentasjon Naturbruk