Hopp til hovedinnhold

Teknologi- og industrifag

Bilete viser ein elev som sveisar

Teknologi- og industrifag er ei yrkesfagleg utdanning. Her kan du mellom anna lære meir om maskinar, produksjonsprosessar, automatisering og programmering av robotar. Etter 2 år i skule kan du søkje om læreplass for å ta fagbrev. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Moderne samfunnsliv er utenkjeleg utan mekaniske fag. Startar du eit utdannigsløp på Teknologi og industrifag kan du seinare velje å utdanne deg til gode jobbar innan mange yrke. Elevane som byrjar på Teknologi og industrifag ved Førde vgs utdannar seg til dømes til jobbar innanfor køyretøy, industrifag, oljebransje, kjemiprosess, automatisering, anleggsteknikk, yrkessjåfør, logistikkoperatør og maritime fag.

Om ein vil kan ein etter fagutdanning utdanne seg vidare til fagteknikar, ingeniør og vidare heilt til topps i utdanningssystemet med mastergrad.

Når du er ferdig med dei 2 åra på skule og søkjer opplæringskontrakt vert denne gjerne administrert av eit opplæringskontor. Skulen og opplæringskontora har samarbeid, særleg i overgangen mellom skule og lærekontrakt.

Første året (Vg1)

Du som vel Teknologi og industrifag bør ha praktisk sans, godt handlag og vere nøyaktig. Du bør kunne arbeid sjølvstendig og saman med andre. Interesse for ny teknologi er og viktig. Helse, miljø og sikkerheit står sentralt i desse yrka, der det å arbeide etter prosedyrar og teikningar og med registrering og dokumentasjon er svært viktig.

På vg1 har programfaga Konstruksjon og styringsteknikk, Produksjon og tenester og
Produktivitet og kvalitetsstyring. I tillegg har du programfaga Engelsk, Matematikk, Naturfag og Kroppsøving.

På Vg1 på vg1 Teknologi og industrifag lærer du å bearbeide metall gjennom å

  • Dreie
  • Frese
  • Bore
  • Sveise
  • Valse
  • Teikne med data, forstå arbeidsteikningar
  • Gjere øvingar i styringsteknikk ( pneumatikk, hydraulikk, motorstyringar)
  • Forstå og utnytte eigenskapane til ulike materiale
  • Du lærer meir i norsk, engelsk, matematikk, naturfag og kroppsøving
  • I faget Yrkesfagleg fordjuping kan du få innblikk i ulike fagområde enten på skulen eller som utplassert i bedrift

Eit spanande år der du gjennom veksling mellom teori og praksis, legg eit godt grunnlag for vidare val.

Andre året (Vg2)

Hos oss kan du velje mellom tre programområde på Vg2:

  • vg2 Industriteknologi
  • vg2 Køyretøy
  • vg2 Transport og Logistikk

 

vg2 Industriteknologi

Innanfor industriteknologi er det svært mange fagutdanningar. Faget fører deg fram til ulike jobbar i industri og serviceverksemd både landbasert og offshore. Du må like å lage og montere ting, reparere og setje i drift, overvake prosessar og liknande.

På vg2 Industriteknologi har du programfaga Teknolgi og Vedlikehold. I tillegg er det fellesfaga Norsk, Samfunnskunnskap og Kroppsøving. 

Innanfor industriteknologi er det svært mange fagutdanningar. Faget fører deg fram til ulike jobbar i industri og serviceverksemd både landbasert og offshore. Du må like å lage og montere ting, reparere og setje i drift, overvake prosessar og liknande.

Etter Vg2 kan du velje mellom 27 fag, men flest elevar ved Førde vgs vel mellom

  • Industrimekanikarfaget
  • Industrimontørfaget
  • Sveisefaget
  • Platearbeidarfaget
  • Produksjonsteknikkfaget
  • Industrirørleggarfaget
  • CNC-maskineringsfaget
  • Kran- og løfteoperasjonsfaget
  • Motormekanikarfaget

 

vg2 Køyretøy

Du som vel å utdanne deg i køyretøyfaget møter både rutinearbeid og komplekse feilsøkingsoppgåver. I eit moderne køyretøy finn ein mykje elektronikk, og personbilparken vert meir og meir elektrifisert. Du må vere villig til stadig å lære om ny teknologi.

På vg2 Køyretøy har programfaga Verkstadarbeid og Dokumentasjon og kvalitet. I tillegg er det fellesfaga Norsk, Samfunnskunnskap og Kroppsøving. 

Du lærer meir om:

  • ulike typar motorar
  • drivverk
  • oppbygging og verkemåte på styringssystem
  • feilsøking på bil
  • vedlikehald av bil 
  • legge om hjul
  • kundebehandling
  • bruk av ulike typar verktøy knytt til reparasjon og vedlikehald av bil

 

Etter at du har fullført vg2 Køyretøy kan du velje å gå ut i lære i følgande fag: 

  • Bilfaget, lette køyretøy
  • Bilfaget, tunge køyretøy
  • Hjulutrustingsfaget
  • Motormekanikerfaget
  • Motorsykkelfaget
  • Reservedelsfaget

 

vg2 Transport og logistikk

Som yrkessjåfør utfører ein transport av personar og varer. Du kan køyre buss, lastebil, varebil både lokalt, nasjonalt og internasjonalt.  Som yrkessjåfør må du vere ansvarsbevisst og nøyaktig. Du må ha gode samarbeidsevne, vere serviceinnstilt og ha evna til å planlegge eigen arbeidsdag. Du arbeider mykje sjølvstendig. Du må ha sosiale ferdigheter og vere flink å kommunisere med andre.

Ein logistikkoperatør arbeider med transport av varer, lasting, lossing og klargjering for forsending av gods er vanlege oppgåver. Som logistikkoperatør må du ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevne. du må kunne arbeide sjølvstendig, planmessig og nøyaktig. Du bør vere serviceinnstilt og venleg. 

På vg2 Transport og logistikk har programfaga Bransjeteknikk, Transport, logistikk og løfteoperasjonar og Branselære. I tillegg er det fellesfaga Norsk, Samfunnskunnskap og Kroppsøving. 

Som elev på Transport og Logistikk ved Førde vidaregåande skule får du ein kombinasjon av skule og praksis i bedrift, innafor både transport og logistikk. Fleire av elevane våre får læreplass i bedrifta dei har praksis i. 

Etter at du har fullført vg2 Transport og logistikk kan du velje å gå ut i følgande lærefag: 

  • Kran- og løfteoperasjonsfaget
  • Logistikkfaget
  • Yrkessjåførfaget

 

Presentasjon Teknologi og industrifag

 

Vegen vidare

Etter to å i skule kan du søkje læreplass i ei godkjend lærebedrift. Meir om det å bli lærling.

Når du er ferdig med dei 2 åra på skule og søkjer opplæringskontrakt vert denne gjerne administrert av eit opplæringskontor. Skulen og opplæringskontora har samarbeid, særleg i overgangen mellom skule og lærekontrakt.

Fagutdanning – 2 år på skule og 2 år som lærling

Du kan også ta Påbygg til generell studiekompetanse (før eller etter læretida) for å kunne studere vidare på høgskule/universitet.