Hopp til hovedinnhold

UPH skulen

Bilete viser ein bygning.

Skulen ved Ungdomsavdeling for Psykisk Helsevern (UPH) er eit individuelt tilpassa opplæringstilbod til ungdom mellom 12-18 år som er innlagt ved avdelinga.

Skulen held til i same bygning som ungdomsavdeling for psykisk helsevern, like ved Førde sentralsjukehus. Skulen er administrativt underlagt Førde vidaregåande skule

Opplæringslova fastset at pasientar i helseinstitusjonar har rett til grunnskuleopplæring, spesialpedagogisk hjelp og vidaregåande opplæring (OL § 13-3a.).

Kva er UPH-skulen

  • inntil 8 elevplassar, alder 12-18 år
  • 3 lærarar
  • undervisninga føl vanleg skuleår
  • den einskilde eleven sin dag (tal timar) er individuelt tilpassa, i samråd med behandlingspersonalet. 

Kva kan UPH-skulen tilby?

  • følgje opp den einskilde eleven si undervisning, i samarbeid med heimeskulen. 
  • pedagogisk kartlegging, ved behov
  • kvar elev vert følgd opp av ein primærlærar
  • dei elevane som kan det, føl vanleg opplæringsplan

Samarbeid med heimeskulen

  • vi tek tidleg kontakt for å innhente opplysningar som er naudsynte for å skape eit godt opplæringstilbod
  • arbeidsplanar vert fortløpande sendt til UPH skulen
  • eventuelle prøvar/innleveringar vert gjennomført og sendt til heimeskulen for vurdering
  • det er ønskjeleg at elevar tek med seg dobbelt sett lærebøker frå skulen sin.