DJI_0026

Utdanningsval våren 2017

Vi vil med dette få ønskje deg velkommen som utplasseringselev ved Mo og Øyrane vg.skule, i perioden 06.03 – 07.03.

Som tidlegare vil Bygg og anleggsteknikk i tillegg ha tre dagar på skulen, dette som sin utplassering i bedrift. Skulen har sju utdanningsprogram, med Naturbruk som ligg på Mo. Skulestad Mo sender ut eigen plan for organisering. Vi er tilsaman 38 klassar med eit samla elevtall på ca. 650 elevar. Dette inkuderar vaksenopplæring.

Kompetansemåla som du skal kjenne til innan kvart av utdanningsprogramma, vil vere noko styrande for kva du kjem  til å få oppleve her hos oss desse dagane.  Med vektlegging på å utøve praktisk arbeid  i lag med teoretiske forklaringar. Det er i år 165 niande klasse elevar frå over 20 ulike ungdomskular i fylket, som vil vere på Mo og Øyrane desse dagane.

  • Vedr. kompetansemål og arbeidsklær / verneutstyr, antall elevar med gruppeindeling, så er dette spesifisert etter utdanningsprogram og sendt til skulane

 

Måndag 06.mars

kl. 08.20 – 08.35: Fellessamling for alle i kantina på skulen.

kl. 08.35 – 08.50: Opprop og fordeling til programområda.

kl. 08.50 – 15.10: Arbeid og informasjon på programområda

 

Tysdag  07.mars

Kl. 08.20 – 15.10 Oppmøte på programområdet frå dagen før. Avtale om dette vert gjort på måndag

 

Oppstart Mo er måndag 06.mars kl 08.30 i kantinebygget. Meir detaljert program om tilbodet og overnatting blir sendt ut av avd. Mo til de aktuellle skulane.

 

Oppmøte for elevar Bygg og anleggsteknikk 08.mars – 10.mars vert avtalt tysdag 7.mars

Ein må og ha med seg klede etter vær, da ein blir noko ute i løpet av disse 3 dagane.

  • Pausar oa. vert etter avtale med med ansvarleg lærar
  • Kantina er open alle dagar om du ikkje vil ha niste eller drikke med.
  • Elevar på Restaurant og matfag vil få mat på avdelinga ( som dei sjølve har laga).

 

Velkommen til dagar med refleksjon og bevistgjering. Opplevingnane vil kunne vere nyttig å få med seg, når du skal søkje vidare skulegang i den vidaregåande skulen.                           

Med venleg helsing

Morten E.Jahren, Rådgjevar karriere Øyrane.

Jostein Skår Støfring, Rådgjevar karriere Mo.