undomscamp mo

Velkomen til ungdomscamp på Mo, 25.-29. juni 2018

Mo og Øyrane vidaregåande skule inviterer også i år ungdomsskuleelevar frå 8. og 9. klasse til ei veke med ungdomscamp på Mo i veka etter skuleslutt.

 

Innhaldet i ungdomscampen vil vere praktisk retta med ulike aktivitetar innan landbruk. Stell av husdyr, skogbruk, fisking, riding og bruk av maskiner og reiskapar er noko av det du får vere med på. I tillegg vert det lagt opp til ein overnattingstur på Mostølen og aktivitetar på kveldstid. Skulen stiller med støvlar og kjeledress til bruk i husdyrbruket.
 
Campen legg opp til ei sosial, opplevingsrik og allsidig veke i trygge og flotte omgjevnader på Mo. Skulen har internat for overnatting og matservering, så ungdomsskuleelevar frå heile fylket kan ta del. Det er plass til 24 elevar på ungdomscampen i 2018.
 
Siste frist for påmelding er 1. juni.
Tilbodet er gratis!
 
Påmelding på e-post til:
Jostein Skår Støfring: jostein.skar.stofring@sfj.no
Telefon:  57 63 71 66/ 41 55 39 58

Program Kalender:

Program Liste:

Evaluering