Mo og Øyrane vidaregåande skule
Bilete av skulebygg Mo og Øyrane

Bilete av skulebygg Mo og Øyrane

Velkommen til skulestart 16.august

Vi ønskjer alle elvar ved Mo og Øyrane vgs velkomne til skuleåret 2021-2022

Frå hausten 2023 skal Mo og Øyrane og Hafstad vidaregåande skule slåast i saman til ein skule med lokasjon der Mo og Øyrane vgs. i dag er plassert. Arbeidet med å rive deler av Mo og Øyrane vgs. og bygging av den nye skulen er no i gang. Det betyr at nokre av klassane må ha undervisning i midlertidige lokale, både verkstad og klasserom, inntil nye lokale er ferdige. I fyrste omgang gjeld dette klassane på vg1 og vg2 på TIF og BA.

 

Klassane på vg1 TIF, vg2 Industriteknologi og VO Industriteknologi skal ha sin undervisning i lokale på Verftet på Ytre Øyrane med adresse Øyrane 12.

Klassen vg2 Køyretøy skal ha sin undervisning i lokale i Flovegen 2, også på Ytre Øyrane. Både vg1 og vg2 BA skal ha sin undervisning i midlertidige klasserom på Mo og Øyrane vgs. For vg2 Køyretøy er den praktiske undervisninga lagt til Øyrane 12, medan teoriundervisninga vert i Concordbygget med adresse Firdavegen 6.

 

For elevane som skal gå på NA, SS YSK og vg2 anleggsteknikk er skulestad framleis på Mo.

Før oppmøte på skulen, ber me om at du les gjennom smittevernrettleiaren for vidaregåande skule. Dersom du er sjuk eller i karantene, ber vi deg ta kontakt med skulen å tlf. 57 63 73 00

 

Frammøtestad og tidpunkt på fyrste skuledagen vert slik:

Skulestad Øyrane

Kl. 8.20 – Vg2 elevar på BA, HO, RM, SS og EL møter opp i klasseromma i avdelingane. De vil få nærmare melding om romnummer veka før skulestart.

 

Mo og Øyrane vgs. Naustdalsvegen 12, kantina til fylgjande tidspunkt:

Kl. 09.00 – Vg1 elevar på BA, vg1 TIF og elevar på vaksenopplæring

Kl. 09.45 – Vg1 elevar på SSR, vg1 EL og vg1HO

Kl. 10.30 – Vg1 elevar på RM og elevar på Kombinasjonsklasse for minoritetsopplæring

 

Skulestad Verftet på Ytre Øyrane, Øyrane 12

Kl. 08.30 – Vg2 elevar på Industriteknologi

 

Skulestad Flovegen 2

Kl. 08.30 – Vg2 elevar på Køyretøy

 

Skulestad Concord bygget, Firdavegen 6

Kl. 08.30 - Vg2 elevar på Transport og logistikk i klasserom CB 227

kart over Øyrane

 

Skulestad Mo

Kl. 09.00 - Vg1 elevar på Naturbruk og vg2 elevar på Anleggsteknikk møter i hallen.  

Kl. 12.00 - Vg2 og Vg3 elevane møter i klasserom.

Vg3 YSK skal møte på torsdag 19.08 kl. 08.20 ved resepsjonen.

Vg4 YSK har første skuledag tysdag 17. august og skal møte ved resepsjonen kl. 10.30.

 

Skulen på Mo har skap i kjellaren på internatet som kvar elev kan nytte seg av. Du må sjølve ta med deg hengelås til skapa.

 

Lærebøker er gratis for alle elevar. Elevar som har pc må ta desse med. Dette gjeld også for elevane som skal gå vaksenopplæring. Her kan du lese om elev-pc ordninga for skuleåret.

 

Elevar som alt har skuleskysskort, skal nytte same kortet alle åra dei går på vidaregåande skule. Føresette til elev under 18 år har eit økonomisk ansvar ved tap/bestilling av nytt skuleskysskort.

 

NB: Me ber om at vedlagt boklåns kontrakt (gjeld alle elevar) og husleige kontrakt (gjeld elevar som vil søkje internatplass på Mo) vert signert og sendt i retur til skulen før skulestart.

 

Du vil og finne nyttig informasjon på heimesida vår: www.moy.vgs.no

 

www.lanekassen.no finn du informasjonen du treng når du skal søkje om stipend/lån

 

Foreldremøte 

I veke 35 vert det arrangert møte for foreldre ved Mo og Øyrane vgs. Frammøte og organisering vert slik:

 

Skulestad Øyrane: 

  • Elektro, Sal, service og reiseliv,: måndag 23.08 kl.19.00
  • Bygg og anleggsteknikk: tysdag 24.08 kl.19.00
  • Teknologi og industrifag, Transport og Logistikk og Restaurant og matfag: onsdag 25.08, kl.19.00
  • Helse og oppvekstfag: torsdag 26.08 kl.19.00 

Skulestad MO:

  • Anleggsteknikk: onsdag 25.08 kl.19.00 i hallen på Mo
  • Naturbruk: torsdag 26.08 kl.19.30 i hallen på Mo