DJI_0012

Velkommen til temadag

Tysdag 4. oktober med Jan Egil Tvinde og Lars Fredrik Tvinde.

Kva mål har du; små eller store?

Kor bevisst er du på å nå dei?

Jan Egil og Lars Fredrik Tvinde reflektera rundt dette temaet saman med elevar frå Mo og Øyrane vgs, Hafstad vgs og 10. klasse ved Halbrend og Førde ungdomsskule på dagtid. Vi ynskjer med dette å invitere føresette til foredraget kl. 19.00 i Førdehuset. Gratis inngang. 

Bilete 1.jpg

Jan Egil Tvinde, 47 år, jobba i politiet sidan 1992. Lensmann i Førde og Naustdal i 8 år, no praksisansvarleg for politistudentane i Sogn og Fj – Politioverbetjent .Saman med pob. Vågseth vore ein pådrivar for det tverretatlege førebyggande arbeidet i Førde.

Trenar for elitelaga i Førde Volleyballklubb dei siste fire sesongane(3 dame og 1 herre), trenar for ungdommar i mange år, trenar for sandvolleyballag med gode resultat i junior EM og VM. Oppteken av coaching som leiarstil også utanfor idretten.

 

Bilete 2.jpg

Lars Fredrik Tvinde, 24 år, utdanna ingeniør ved Høgskulen i Sogn og Fj, avd. Førde, utdanna personleg trenar ved Idrettshøgskulen, jobbar som konsulent i DeconeX, fysisk trenar i Førde Volleyballklubb, spelar på Førde Volleyballklubb sitt elitelag, spelar sandvolleyball på internasjonalt nivå. Oppteken av sunt, fornuftig kosthold og gode treningsvanar.

 

Temadagen er eit ledd i det førebyggande arbeidet i Førde kommunen (SLT), og er eit samarbeidsprosjekt mellom kommune, Mo og Øyrane vgs, Hafstad vgs, Fau ved Halbrend og Førde ungdomskule, Ungdomens Bystyre i Førde og politiet.

Temadagen er støtta av «Verdensdagen for psykisk helse»