Mo og Øyrane vidaregåande skule
kopling i ein elektroboks

kopling i ein elektroboks

Velkommen til utdanningsval i veke 44

Vi ynskjer med dette elevar frå 10.klasse velkommen til hospitering i forbindelse med utdanningsval. 

Vi vil med dette få ønskje deg velkommen som utplasseringselev ved Mo og Øyrane vidaregåande skule i perioden 1.11-2.11. Som tidlegare vil Bygg og Anleggsteknikk i tillegg ha tre dagar til på skulen, dette som sin utplassering i bedrift. Skulen har sju utdanningsprogram, med Naturbruk som ligg på Mo. 

Kompetansemåla som du skal få kjenne til innan kvart av utdanningsprogramma, vil vere noko styrande for kva du kjem til å oppleve her hos oss desse dagane. med vektlegging på å utøve praktisk arbeid i lag med teoretiske forklaringar. 

  • vedr. kompetansemål og arbeidsklede/ verneutstyr, tal elevar med gruppeinndeling, så er dette spesifisert etter utdanningsprogram og sendt til skulane. 

Program for skulestad Øyrane

​Måndag 1.11

kl 08:20-08:35: Fellessamling for alle i kantina på skulen
​kl 08:35-09:00: Opprop og fordeling til programområda
​kl 09:00-15:00: Arbeid og informasjon på programområda

​Tysdag 2.11

​kl 08:20-15:00: Oppmøte på programområdet frå dagen før-
                         Avtale om dette vert gjort på måndag

      Vidare oppmøte for elevar på ​Bygg og anleggsteknikk 3-5 november  ​vert gjort avtale om dagen før. 

  • ​Pausar og anna vert etter avtale med ansvaleg lærar
  • Kantina på Øyrane er open alle dagar om du ikkje vil ha med niste eller drikke sjølv. Elevar som har valt Teknologi og Industrifag skal være mesteparten av programmet på Hellenes på Ytre Øyrane. Der vil det ikkje være kantine tilgjengeleg. 
  • Elevar på Restaurant og Matfag vil få mat på avdelinga (som dei sjølv har laga)

 

Program for skulestad Mo (Naturbruk)

Måndag 1.11

08:30 - 11:30: Fellessamling med opprop i Hallen og informasjon om Naturbruk
​11:30 - 12:00: lunsj
12:00 - 15:05: Fagleg innhald på avdelinga

​Tysdag 2.11

​08:20 - 11:30: Fagleg innhald på avdelinga
​11:30 - 12:00: Lunsj
​12:00 - 14:30: Fagleg innhald på avdelinga
​14:30 - 15:05: Oppsummering og evaluering

Praksisk informasjon: 
​Naturbruk m/ Hest : Alle må ha med varme klede å vere ute i, regntøy og støvlar. 

Dersom du har valt Hest kan du i tillegg ta med: 

  • ​Ridehjelm (dersom du ikkje har, kan du få låne på skulen)
  • ​Sko med Hæl/ridestøvlar + evt. varmare sko til køyring
  • ​Evt. ridebukse

​Velkomne til dagar med refleksjon og bevisstgjering. Opplevingane vil kunne vere nyttig å få med seg, når du skal søkje skulegang i den Vidaregåande skulen. 

 

Bilder frå tidlegare utdanningsval: 

Bilder frå Restaurant og Matfag

Bilder frå Mo

Bilder frå Teknikk og Industriell produksjon