Ungdomscamp 2018

Vellukka ungdomscamp på Mo

I følgje tilbakemeldingane frå deltakarane på ungdomscampen så er det berre positive tilbakemeldingar og mange kryssa ja på spørsmålet om det er aktuelt å gå på Mo når dei skal begynne på vidaregåande.

Jentene dominerte på samlinga (20 stk), men dei 3 gutane frå Hyen hevda seg også godt.  Rektor Liv Horvei spurde gutane om dei klarde å halde styr på jentene, men det var dei meir usikre på.

  Camp husdyr 2018

Petra Marie Indredavik Karstensen

 

Nokon av deltakarane kom åleine utan å kjenne nokon andre, men i løpet av samlinga hadde dei blitt kjent med nye venner.  Alle deltakarane vart godt inkluderte og tekne vare på av erfarne tilsette på Mo, og det var fellesaktivitetar frå tidleg morgon til seint på kveld. Dei fekk i løpet av samlinga prøve seg på ulike aktivitetar:  Stell av husdyr, riding, planting av kålrot, planting av gran, natursti, overnatting på Mostøylen, ei omvising på Sunnfjord museum og fisking i Movatnet og mykje meir.  I følgje evalueringsskjema så likte dei godt alle aktivitetane og dei har hatt det kjempekjekt. Camp 2018 hest

Miriam Linea Eikefjord med Andrea Brekke som instruktør

Tekst: Jostein Skår Støfring
Foto: Knut Vebjørnsen og Harald Løtuft