Mo og Øyrane vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Helse- og oppvekstfag/Vg1 Helse- og oppvekstfag
ingressbilete helse 1024x384

Vg1 Helse- og oppvekstfag

Vg1 er ei eitt-års grunnopplæring.

I fagopplæringa får du kunnskap om helse, kropp, hygiene, profesjonell samhandling og kommunikasjon, relevant lovverk og velferdsstaten. Denne kunnskapen skal kvalifisere for å arbeid med friske og sjuke menneske i alle aldrar.

I faget Yrkesfagleg fordjuping, får ein praktisk opplæring i øvingsrom, og erfaring frå arbeid med menneske ute i bedrift.

Fellesfaga på Vg1 er engelsk, matematikk, kroppsøving og naturfag.  

Opplæringa gjev ny kunnskap og nye erfaringar om ein sjølv – viktig óg for eiga personleg utvikling.

Når du har fullført vg1 Helse og Oppvekst, kan du søkje vidare på følgande fag: 

vg2 Ambulansefag  - tilbod ved Mo og Øyrane vgs
vg2 Barne- og ungdomsarbeiderfag - tilbod ved Mo og Øyrane vgs
vg2 Helsearbeiderfag - tilbod ved Mo og Øyrane vgs
vg2 Helseservicefag - tilbod ved Mo og Øyrane vgs
vg2 Aktivitør 
vg2 Fotterapi og ortopediteknikk
vg2 Hudpleie 
 

 

Kontakt

Kristiansen, Reidun.jpg

Avdelingsleiar HO, EL, SS

Reidun Kristiansen
reidun.kristiansen@vlfk.no

57 63 74 04 / 91694011

Relaterte lenker