Mo og Øyrane vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Helse- og oppvekstfag/Vg2 Ambulansearbeidarfag
Ambulansearbeidar

Ambulansearbeidar

Vg2 Ambulansearbeidarfag

Delar av opplæringa føregår i regi av Ambulansetenesta Helse Førde, med tilgong til det mest moderne av akuttmedisinsk teknisk utstyr, og opplæring i ambulansekøyretoy. HO nyttar ambulansetenestene i heile fylket som arena for praksis.

I tillegg deltek elevane i krise- og beredskapsøvingar i Indre Sunnfjord.

Utdanninga føreset sterk fysikk og psyke, og elevane må bestå fysiske og psykiske testar for å kvalifisere seg til lærekontrakt.

I tillegg til kroppsøving 2 timar pr veke, er det lagt inn ekstra treningsprogram i Prosjekt til fordjuping. Elevane bør gjennomføre ein del eigentrening i tillegg som førebuing til testane.

Ved fullført Vg2 er ein kvalifisert for å søkje vidare opplæring i bedrift, opplæring i Portørfaget eller påbygging til generell studiekompetanse.

Kontakt

Wiken, Harald Olav.jpg

Avdelingsleiar HO og RM

Harald Olav Wiken
harald.wiken@sfj.no

57 63 74 19 / 412 66 172

Relaterte lenker