Vg2 Helsearbeidarfag

Opplæringa kvalifiserer for arbeid med menneske i alle aldrar innan helse- og omsorgstenestene.

Du som vel helsearbeiderfag bør like å arbeide med menneske. Du må kunne jobbe med menneske frå ulike kulturar og ulik livssituasjonar og du må kommunisere på ulike måtar avhengig av den du møter. Du bør ha omsorg med andre menneske og glad i å ta vare på andre. Du må kunne samarbeide med både pasient/brukar, pårørande, kollegaer og andre yrkesgrupper. 

Som helsefagarbeider jobber du med menneske i alle aldrar og ulike livssituasjonar. I dette faget lærer du å gje omsorg, grunnleggande sjukepleie, miljøarbeid for pasientar og brukarar av helse- og sosialtenesta. 

aktuelle arbeidsstader etter endt utdanning er sjukeheimar, sjukehus, heimeteneste, aktivitetssenter, bu- og servicesenter, etc. 

Vg2 Helsearbeiderfag har følgande programfag: 

Helsefremjande arbeid
I dette faget lærer du om livsstil, kosthald, fysisk og psykisk helse og livskvalitet.  

Kommunikasjon og samhandling
I dette faget lærer du om kommunikasjon og samarbeid mellom pasient/brukar, pårørande, kollegaer og andre yrkesgrupper

Yrkesliv i helsearbeiderfag
I dette faget lærer du om kva krav og utfordringar du møter i arbeidslivet som helsefagarbeider. 

Yrkesfagleg fordjuping
I dette faget vert du kjent med fagområde som byggjer på vg2 Helsearbeiderfag. Faget vert primært gjennomført i bedrift. 

Ved fullført Vg2 er ein kvalifisert for å søkje vidare opplæring: 

 

  • Opplæring i bedrift i Helsefagarbeider
  • Opplæring i bedrift i Portørfaget
  • vg3 påbygging til generell studiekompetanse.

 

Kontakt

Kristiansen, Reidun.jpg

Avdelingsleiar HO, EL, SS

Reidun Kristiansen
reidun.kristiansen@vlfk.no

57 63 74 04 / 91694011

Relaterte lenker