Vg2 Helseservicefag
Opplæringa kvalifiserer for vidare opplæring i faga Apotekteknikar, Helsesekretær og Tannhelsesekretær. Ein legg så langt som mogeleg til rette for praksis innan det faget ein ynskjer å spesialisere seg i det 3. skuleåret.
På vg2 Helseservice har du følgande programfag:
Helsefremjande arbeid:
Her lærer du om livsstil, kosthald, fysisk og psykisk helse og livskvalitet. Du vil også lære å sjå samanhengen mellom desse faktorane.
Kommunikasjon og samhandling:
Her lærer du om kommunikasjon med pasientar, kundar og kollegaer
Yrkesutøving:
Her lærer du om kva krav og utfordringar som vert stilt innan fagområda som utdanninga er knytt til.
Etter fullført Vg2 Helseservice, er du kvalifisert til å søkje følgande opplæring:
- Opplæring i bedrift i Portørfaget
- vg3 Apotekteknikk - tilbod på anna skule
- vg3 Helsesekretær - tilbod på anna skule
- vg3 Tannhelsesekretær - tilbod på anna skule
- vg3 påbygging til generell studiekompetanse