Vg2 Industriteknologi

Mo og Øyrane vidaregåande skule tilbyr skuleåret 2021/2022 fagutdanning i vg2 Industriteknologi for vaksne

Oppstart

Samlingar vert haldne i eigna lokaliteter knytt til Mo og Øyrane vgs.Ved studiestart får ein utdelt brukarnamn og passord, samt opplæring i bruk av dataprogrammet Teams og andre program knytt til opplæring. 
Læremiddel, pc (utlånsavtale) og reiseutgifter er gratis.

Innhald og organisering

Studiet inneheld programfaga knytt til vg2 Industriteknologi i tillegg til Yrkesfagleg fordjuping. Studiet vil som hovudregel bli organisert med undervisningstid frå kl. 08.20 – 15.10 på virkedagar ein eller fleire dagar per veke. Ein må rekne med ein god del tid til sjølvstudium og oppgåveløysing.

Praktiske oppgåver, Innleveringsoppgåver, testoppgåver og eventuelt prøvar dannar grunnlag for standpunktkarakter og framovermelding. Innleveringsoppgåver er i hovudsak knytt til fagstoff som vert gjennomgått. Oppgåvene vert lagde ut i Teams med innleveringsfrist. Lærarane som underviser har ansvar for å legge ut oppgåver og gjere vurderingar i høve til standpunktkarakter.

Praksiskandidatar skal ikkje ha standpunktkarakter.

I tillegg til Teams, føregår kommunikasjon mellom studentane og den einskilde lærar i faget gjennom e-post og telefon.

 

Del dette:

Relaterte lenker