Mo og Øyrane vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Restaurant- og matfag/Vg2 Kokk- og servitørfag
RM_1 1024x384

Vg2 Kokk- og servitørfag

På Vg2 kokk- og servitørfag fordjupar ein seg i grunnleggande teknikkar innan kokk og servitørfaget.

 I faget Yrkesfagleg fordjuping vil du også vere ute i praksis i eit av dei tre yrka, kokk, ernæringskokk og servitør, i løpet av skuleåret. Det er stort behov for faglært arbeidskraft og det er lett å få læreplass i bransjane.  

På slutten av skuleåret skal du opp til ein praktisk/munnleg eksamen.

Etter fullført Vg2 er du kvalifisert til følgande opplæring: 

  • Opplæring i bedrift i Kokkfaget
  • Opplæring i bedrift i Ernæringskokkfaget
  • Opplæring i bedrift i Ferskvarehandelfaget
  • Opplæring i bedrift i Servitørfaget 
  • vg3 påbygg til generell studiekompetanse

Viktig å tenkje på

Du bør ha lyst til å halde på med mat, like å kommunisere med andre menneske, både skriftleg og munnleg. Tåle å vise fram produkta dine for andre og få tilbakemelding av kunden. Du kan både arbeide sjølvstendig og saman med andre, du er målretta og har eit ryddig forhold til tidsfristar.