På Vg2 kokk- og servitørfag fordjupar ein seg i grunnleggande teknikkar innan kokk og servitørfaget.
I faget Yrkesfagleg fordjuping vil du også vere ute i praksis i eit av dei tre yrka, kokk, ernæringskokk og servitør, i løpet av skuleåret. Det er stort behov for faglært arbeidskraft og det er lett å få læreplass i bransjane.
På slutten av skuleåret skal du opp til ein praktisk/munnleg eksamen.
Etter fullført Vg2 er du kvalifisert til følgande opplæring:
Du bør ha lyst til å halde på med mat, like å kommunisere med andre menneske, både skriftleg og munnleg. Tåle å vise fram produkta dine for andre og få tilbakemelding av kunden. Du kan både arbeide sjølvstendig og saman med andre, du er målretta og har eit ryddig forhold til tidsfristar.