Mo og Øyrane vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Sal, service og reiseliv/Vg2 Sal, Service og Sikkerhet YSK

Vg2 Sal, service og sikkerheit

Dersom du liker å arbeide med service og ha kontakt med menneske. Ynskjer du å bli kjent med korleis ein driv ei bedrift.  Vg2 Sal, Service og Sikkerhet ved Mo og Øyrane er ein del av eit fireårig løp der elevane får både fagbrev og studiekompetanse innafor salsfaget eller kontorfaget.

På Vg2 fortset ein med den utdanninga du starta på Vg1 Service og Samferdsle. Du blir meir kjent med faga innan Marknadsføring, økonomi, sal, administrasjon, tryggleik. Du vil få nærare innblikk i korleis ei bedrift blir driven.

På Vg2 Sal, Service og Sikkerhet ved Mo og Øyrane Vidaregåande skule går ein delvis på skule og arbeider delvis i bedrift. Du fortset i samme bedrifta som du arbeidde i på Vg1. Ved Vg2 er du i praksis 2 dagar i veka og på skulen 3 dagar i veka.

Når du er ferdig med Vg2 Sal, Service og Sikkerhet fortset du på Vg3 som lærlingelev.

Frå og med skuleåret 2021 -2022 tilbyr skulen ordinært vg2 tilbod innan Sal, service og reiseliv. 

Kontakt

Kristiansen, Reidun.jpg

Avdelingsleiar elektrofag- og service og samferdsle

Reidun Kristiansen
reidun.kristiansen@vlfk.no

57 63 74 04 / 916 94 011

facebook logo.png 

Mo og Øyrane Elektro

Relaterte lenker