Mo og Øyrane vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Sal, service og reiseliv/Vg2 Transport og Logistikk
Tre busser parkert på Førde rutebilstasjon

Tre busser parkert på Førde rutebilstasjon Picasa

Vg2 Transport og logistikk

Dette er eit tilbod til deg som ynskjer å arbeide som yrkessjåfør eller som logistikkoperatør

 

Som yrkessjåfør utfører ein transport av personar og varer. Du kan køyre buss, lastebil, varebil både lokalt, nasjonalt og internasjonalt.  Som yrkessjåfør må du vere ansvarsbevisst og nøyaktig. Du må ha gode samarbeidsevne, vere serviceinnstilt og ha evna til å planlegge eigen arbeidsdag. Du arbeider mykje sjølvstendig. Du må ha sosiale ferdigheter og vere flink å kommunisere med andre.

 Ein logistikkoperatør arbeider med transport av varer, lasting, lossing og klargjering for forsending av gods er vanlege oppgåver. Som logistikkoperatør må du ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevne. du må kunne arbeide sjølvstendig, planmessig og nøyaktig. Du bør vere serviceinnstilt og venleg. 

Som elev på Transport og Logistikk ved Mo og Øyrane vidaregåande skule får du ein kombinasjon av skule og praksis i bedrift, innafor både transport og logistikk. Fleire av elevane våre får læreplass i bedrifta dei har praksis i. 

 

 

Kontakt

Kristiansen, Reidun.jpg

Avdelingsleiar elektrofag- og service og samferdsle

Reidun Kristiansen
reidun.kristiansen@vlfk.no

57 63 74 04 / 916 94 011

facebook logo.png 

Mo og Øyrane Elektro

Relaterte lenker