Tre busser parkert på Førde rutebilstasjon Picasa
Dette er eit tilbod til deg som ynskjer å arbeide som yrkessjåfør eller som logistikkoperatør
Som yrkessjåfør utfører ein transport av personar og varer. Du kan køyre buss, lastebil, varebil både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Som yrkessjåfør må du vere ansvarsbevisst og nøyaktig. Du må ha gode samarbeidsevne, vere serviceinnstilt og ha evna til å planlegge eigen arbeidsdag. Du arbeider mykje sjølvstendig. Du må ha sosiale ferdigheter og vere flink å kommunisere med andre.
Ein logistikkoperatør arbeider med transport av varer, lasting, lossing og klargjering for forsending av gods er vanlege oppgåver. Som logistikkoperatør må du ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevne. du må kunne arbeide sjølvstendig, planmessig og nøyaktig. Du bør vere serviceinnstilt og venleg.
Som elev på Transport og Logistikk ved Mo og Øyrane vidaregåande skule får du ein kombinasjon av skule og praksis i bedrift, innafor både transport og logistikk. Fleire av elevane våre får læreplass i bedrifta dei har praksis i.
Her kan du sjå video om yrkessjåførfaget (2020)
Video om yrkessjåførfaget (2019)
NB! På grunn av fagfornyinga vert utdanningsstrukturen endra frå hausten 2021 vert vg2 Transport og Logistikk ein del av programområdet Teknologi og Industrifag og dersom ein ønskjer å gå denne linja, må ein fullføre vg1 Teknologi og Industrifag. Vg2 Transport og Logstikk er ikkje eit søkbart tilbod frå vg1 Sal, Service og Reiseliv.