
Vg3 Landbruk
Dei som går på Landbruk får yrkestittelen «Agronom». Utdanninga er praktisk retta med ulike programfag innan jord-, skog og husdyrhald. Ein har høve til å ta HMS-kurs og autorisasjonskurs i bruk av plantevernmiddel gjennom studiet. Valfrie programfag frå fagområde; traktor og maskiner og økonomi og driftsleiing inngår i studiet.