mo

Viktig informasjon til internatbebuarar

Skulen og internatet opnar igjen for yrkesfagelevar som går vg2 og vg3 den 27/4-2020.

Grunna situasjonen vi er i med koronaviruset, må vi endre litt på dei daglege rutinane og reglane som vi har på internatet. Sidan de er ei større gruppe og bur tett på kvarandre, kan de vere ekstra utsette for smittespreiing.
Vi må alle først og fremst heile tida tenkje på dei nasjonale tiltaka som gjeld for oss alle. Det er å halde minimum 1 m avstand til andre (helst 2 m), ha god hand og hostehygiene, unngå fysisk kontakt, unngå større grupper og å ha mest mogleg faste grupper. Du skal ikkje bu på internatet vist du er sjuk,
Det vil verte forsterka reinhald på internatet framover, og vi skal jobbe hardt for at de skal kunne føle dykk trygge både i måltidssituasjonar, på skulen og i fritida.

MÅLTID I MATSALEN:

De vil bli delt inn i to grupper, ca 15 personar pr. gruppe. Kvar gruppe får oppsette tider til å komme til måltida i matsalen. Det vil bli hengt opp informasjon om kva gruppe de er på. Det er viktig at alle alltid held seg til same gruppe kvar dag. Inne i matsalen skal det vere plass til at alle kan sitte med god avstand. Mellom kvar gruppe vert det uført vask.
Inne i matsalen vil personalet ta maten opp på tallerkane til dykk til alle måltida, og mat vil bli servert porsjonsvis. Vi har ikkje lov til å servere mat i frå buffé.
Alle må vaske hendene godt FØR dei kjem inn og etter dei har vore der. Vi vil informere litt med plakatar i matsalen om korleis vi skal oppføre oss der inne og om kva tiltak vi skal bruke der. Tiltaka vi følgjer er tiltak som er sendt ut nasjonalt.

FELLESOMRÅDER:

Treningsrom og tv stove i 1.etg. vert midlertidig stengt av. Peisestova vil vere open. Her må de vere flinke til å passe på avstandskravet.

HOVEDKJØKKEN:

Det er ikkje lov for elevar å opphalde seg på hovudkjøkkenet. Det vert dermed ikkje kjøkkenvakt framover. Kveldsmaten skal kjøkkenpersonalet smøre opp til dykk på dagtid, slik at det vert enklare å halde seg til tiltaka på kveldstid/ under kveldsmåltid.

DUSJ OG TOALETT:

De skal kunn bruke toalett og dusj som er i den etasjen som de bur i. Vere nøye med handvask og reinhald.

ELEVKJØKKEN:

Vert stengt inntil vidare.

FRITID OG SOSIALT SAMVÆR:

Det er ikkje lov med fleire personar inn på same rom, fordi det er ikkje mogleg å halde den avstanden til kvarandre som man skal då.  Det er ikkje lov å opphalde seg i andre etasjar enn den ein bur i. Sosialt samvær bør avgrensast så mykje som mogleg. Det finnast sosiale media og andre måtar å vere sosiale på enn fysisk kontakt, så ein må vere kreative og ta vare på kvarandre. I den årstida vi er inne i kan det også vere gode moglegheiter for å nytte uteområdet.

HELG:

Internatet vil vere stengt i helgane. Elevar som har fjøsvakt eller stallvakt vil kunne nytte romma sine.

SJUKDOM:

Du skal ikkje møte på internatet dersom du er sjuk. Du må vere heime til du har vore symptomfri i eit døgn. Vert du sjuk medan du er på internat skal du vere på rommet ditt og gi beskjed til miljøarbeidar eller internatleiar. Heimreise skal så langt som mogleg ikkje skje med offentleg transport. Føresette må i slike tilhøve vere budde på å hente ungane sine.
Vere oppmerksame på ekstra handvask etter at de har tatt i berøringspunkt som vert hyppig brukt ( dørhandtak, betalingsterminal og liknande)
De kan ta kontakt med Iren Bergheim eller Trine Lise Sjursæther dersom de har spørsmål rundt dette.

Iren Bergheim
Internatleiar