
Vg1 Helse- og oppvekstfag
Vg1 er ei eitt-års grunnopplæring.
Dersom du vel vg1 Helse- og oppvekstfag bør du like å arbeide med menneske. Du bør være omsorgsfull og ta omsyn til andre. Du bør være flink til å kommunisere og du bør være god til å samhandle med andre.
I fagopplæringa får du kunnskap om helse, kropp, hygiene, profesjonell samhandling og kommunikasjon, relevant lovverk og velferdsstaten. Denne kunnskapen skal kvalifisere for å arbeid med friske og sjuke menneske i alle aldrar.
I faget Yrkesfagleg fordjuping, får ein praktisk opplæring i øvingsrom, og erfaring frå arbeid med menneske ute i bedrift.
Fellesfaga på Vg1 er engelsk, matematikk, kroppsøving og naturfag.
Opplæringa gjev ny kunnskap og nye erfaringar om ein sjølv – viktig óg for eiga personleg utvikling.
Når du har fullført vg1 Helse og Oppvekst, kan du søkje vidare på følgande fag:
vg2 Ambulansefag - tilbod ved Mo og Øyrane vgs
vg2 Barne- og ungdomsarbeiderfag - tilbod ved Mo og Øyrane vgs
vg2 Helsearbeiderfag - tilbod ved Mo og Øyrane vgs
vg2 Helseservicefag - tilbod ved Mo og Øyrane vgs
vg2 Aktivitør
vg2 Fotterapi og ortopediteknikk
vg2 Hudpleie