Skulehelsetenesta - til deg som treng råd om helse og livet sine utfordringar

Mo og Øyrane vidaregåande skule har eigne kontor for helsesjukepleiar (helsesøster). Helsesjukepleiar samarbeider tett med skulen om ulike problem i skulekvardagen. I tillegg har ho kontakt mot helsestasjon, skulelege og skulepsykolog. Har du ting som du treng hjelp til? Bruk HO!

Skulehelsetenesta ønskjer å vere med å gi  tilbod som kan fremme god helse og trivsel for elevane. Det kan vere gjennom individuell kontakt, i grupper, i klassesamanheng eller ved anna felles opplegg ved skulen. Helsesjukepleiar (helsesøster) formidlar kontakt til skulelegen. Helsesjukepleiar er også behjelpeleg med å formidle kontakt med psykolog, psykiatriteneste, barne og ungdomspsykiatrien (BUP). Skulehelsetenesta kan gje deg råd og rettleiing om alt som har med helse å gjere. Helsesjukepleiar og skulelege har teieplikt.      

Generelle helsespørsmål kan vere

  • kosthald
  • samliv og seksualitet
  • prevensjon
  • kjønnssjukdomar
  • abortspørsmål
  • rusmiddel
  • vonde kjensler og tankar
  • psykiske problem som for eksempel spiseforstyrringar, sjølvskading
  • graviditetstest
  • ein vaksen å prate med

Helsesjukepleiarane våre

På skulen vår har vi to helsesjukepleiarar. Du kan ta kontakt med Solveig på Mo eller Anita på Øyrane dersom du vil bestille time.

Mo

K106

Solveig Heggheim

Kontortid:

Tysdag:  08.30–15.30
solveig.heggheim@sunnfjord.kommune.no
979 89 959

Øyrane

A306 - 3.etg A-blokka

Anita Løkkebø

Kontortid:

Tysdag:  08:00–15.30
Onsdag:  08:00–15.30
Torsdag: 08.00–15.30

Anita.Erna.Lokkebo@sunnfjord.kommune.no

414 90 797 / 57 63 73 28

Helsestasjon for ungdom

Førde rådhus, Hafstadvegen 42, 3. etasje

Tysdag:  15.00–17.00

Inga timebestilling, berre møt opp!

Gratis!