Hopp til hovedinnhold

Klage på opplæring

Generelle prosedyrar til hjelp ved klager frå elevar

  • Klagesaker skal løysast på eit lågast mogleg nivå.
  • Før ei klage blir skriven, skal partane ha prøvd å løyse konflikten/ problemet gjennom samtaler.
  • Ei klage skal vere skriftleg og godt grunngjeven.
  • Klagaren har krav på skriftleg svar innan ei veke, der det blir stadfesta at klaga er motteken. Gjere greie for når og korleis klaga blir behandla vidare.
  • Klagaren har krav på at klaga blir behandla raskt

Rutine for handtering av klage på undervisning

Dialog med lærar som underviser i faget

Dersom ein eller fleire elevar er misnøgde med undervisninga i eit fag, må dette først takast opp med vedkommande lærar på ein sakleg og konstruktiv måte, helst gjennom den tillitsvalde for gruppa.  Elevane må konkretisere kva dei er misnøgde med, om det er sjølve undervisninga/rettleiinga, innhaldet i faget/pensum, tilbakemelding i samband med oppgåveinnlevering eller andre tilhøve. Dette bør i første omgang takast opp i dialogform, og læraren må få høve til å kome med sine kommentarar og eventuelle grunngjevingar.

Skriftleg klage til avdelingsleiar

Dersom dette ikkje fører til betring, må klagen fremjast skriftleg via tillitsvald for elevane til avdelingsleiaren for programområdet. Enkeltelevar eller grupper av elevar har og høve til å klage skriftleg. Den skriftlege klaga skal vere datert og underteikna av tillitsvald eller den/dei som klagar. Kopi av klaga skal leverast til læraren.

  • Avdelingsleiar må ta kontakt både med vedkomande lærar og med elevane for å få fram alle sider av saka. Avdelingsleiar må og vurdere om det er tenleg å ha eit felles møte mellom elevtillitsvalde/elevane og læraren. Det skal skrivast referat frå møta.
  • Om dette ikkje fører til ei løysing, må avdelingsleiar i samråd med rektor vurdere innhaldet i undervisninga og den aktuelle læraren sin praksis. Dersom avdelingsleiar i samråd med rektor finn at det ikkje er grunnlag for klaga, må avdelingsleiar ha oppfølgingssamtale med elevane for å sjå om ein kan kome til ei gjensidig forståing for dette.
  • Klagaren har krav på skriftleg svar innan ei veke, der det blir stadfesta at klaga er motteken, og der det vert gjort greie for når og korleis klaga blir behandla vidare.

Iverksetting av tiltak

Dersom ein finn at det er grunnlag for klaga,  og dei føregåande samtalane ikkje har ført til betring, kan avdelingsleiar avgjere at saka skal følgjast opp vidare, i første omgang til vanleg med pedagogisk retta tiltak. Det kan då vere aktuelt å påleggje læraren å ta spesielle kurs, å ta i mot ekstern rettleiing eller kollegarettleiing for ein definert periode, at ein kollega eller overordna er til stades i undervisninga, oppfølgingssamtalar  eller liknande for å bidra til auka læraren sin pedagogiske kompetanse.   Det skal skrivast referat frå møta.

Dersom avdelingsleiaren vurderer det slik at det er andre tilhøve enn det pedagogiske som kan vere årsak til problema, bør han/ho først ha ein ekstra medarbeidarsamtale eller personalsamtale med vedkomande for å finne ut om ein kan prøve andre tiltak. Det skal skrivast referat frå samtalen/ møtet.

Avdelingsleiar kan eventuelt rådføre seg med resten av leiargruppa i saka, og avdelingsleiar/rektor kan om naudsynt ta kontakt med personalavdelinga i fylkeskommunen.