Eksamensgjennomføring

Alle elevar på VG2 skal opp til ein obligatorisk yrkesfagleg eksamen. I tillegg kan ein bli trekt opp til eksamen i fellesfag. Elevane vert trekte ut til eksamen på alle trinn, både ved sentralt og lokalt gitt eksamen, etter reglement fastsatt av Utdanningsdirektoratet.

Sentralt gitt eksamen: dato for offentleggjering vert sett av Utdanningsdirektoratet.

Lokalt gitt eksamen: dato for offentleggjering vert sett av Vestland fylkeskommune.

Varsel om eksamenstrekk

Elevane skal få melding om kva fag dei skal prøvast i 48 timer før dei skal opp til lokalt gitt eksamen i eit trekkfag.

Der Utdanningsdirektoratet eller Vestland fylkeskommune ikkje har fastsett felles eksamensdato og -tidspunkt, vert det fastsett av rektor.

Yrkesfaglege utdanningsprogram

Vg1 og Vg2

  • Alle elevar på Vg2 skal opp til ein obligatorisk tverrfagleg eksamen i programfag.
  • I tillegg skal ca. 20 % av elevane på Vg1 og Vg2 trekkast ut til eksamen i eitt fag. Andelen på 20 % skal sjåast over ein to-års periode.

Vg3

Trekkordning - Påbygging til generell studiekompetanse Vg3 (3 eksamenar)

  • Alle elevar skal opp til obligatorisk skriftleg eksamen i norsk hovudmål.
  • Eksamen i norsk sidemål er trekkfag.
  • Elever med fritak for vurdering i norsk sidemål skal trekkast ut i andre fag.
  • I tillegg til den obligatoriske eksamenen skal elevane trekkast ut til éin skriftleg eksamen, og éin munnleg eller munnleg-praktisk eksamen.

Trekkordning - Studieførebuande Vg3 innan naturbruk

  • Alle elevar skal opp til ein obligatorisk skriftleg eksamen i norsk hovudmål og ein obligatorisk eksamen i felles programfag innan naturbruk
  • Eksamen i norsk sidemål er trekkfag.
  • Elevar med fritak for vurdering i norsk sidemål skal trekkast ut i andre fag.
  • I tillegg til dei to obligatoriske eksamenane, skal elevane trekkast ut til eksamen i yttarlegere eitt fag.

Trekkordning - Utdanningsprogram for naturbruk, Vg3, landbruk

  • Alle elevar skal opp til ein obligatorisk tverrfagleg eksamen i dei felles programfaga.
  • I tillegg skal elevane trekkast ut til eksamen i eit valfritt programfag.

Der Utdanningsdirektoratet eller Sogn og Fjordane fylkeskommune ikkje har fastsett felles eksamensdato og -tidspunkt, blir det fastsett av rektor.